Eg har vore innom NRK sine podcastar sjølvsagt. Har lagt t inn abonnement på Friluftsmagasinet og Ukeslutt. Bergen offentlige si musikkavdeling har eg stor respekt for, men nettbiblioteket syns eg var ganske rotete og eg fann ikkje heilt ut korleis eg kunne bruke det.
Boktips som lydfiler derimot - det var snadder. Stavanger bibliotek sine filer tok det veldig lang tid å laste ned på min maskin. Oppland sine bokpods likte eg godt, ein blanding av bokomtaler/forlagsomtaler og bokprat på lydfil. Her kan vi lytte og lære vi som håper å kunne presentere ei og anna bok på ein bokkafé i ny og ned. Dette må vere ein kjempeservice til lånarane!
Eg har laga ei lenkje til Friluftsmagasinet i bloggen her, berre kopiert og limt inn. Det var neppe slik det skulle gjerast, men fann ikkje heilt ut andre måtar.
http://podkast.nrk.no/program/friluftsmagasinet.rss
Joda, det var slik det var meint det skulle gjerast. :)
SvarSlett