Dette har vore eit veldig nyttig kurs. Alt det vi har vore innom, har vel på eit vis visst eksisterte, men mykje av det hadde eg lite peiling på. Blogging har eg ikkje prøvd meg på før, ser at det kan vere ein grei måte for eit bibliotek å gje kjapp informasjon. Eg syns det er moro å blogge sjøl, og skulle gjerne brukt meir tid på det, for tid tek det! Er ikkje fornøgd med utforminga av eigen blogg, ser at det er fleire av kursdeltakarane som har fått til spennande ting, besøksteljar f.eks. Eg er litt klønete i denne verda endå, kjenner eg.
Biblioteket vårt har fått oppretta eiga Facebook-side i løpet av kurset. Det er ein gevinst, og "alle" skriv der, det er lavare terskel der enn på heimesida.
Eg har oppdaga nokre sider som kan brukast til referansearbeid, f.eks bokelskere og lokalhistoriewiki. Facebook og Origo kjende eg brukbart til på førehand. Bildebruk og rettigheiter i forhold til det, var nyttig, likeså deling av dokument i nettsky og redigering av wikier.
Eg er framleis litt famlande, men det går framover, og her har ein fått prøve seg med god retleiing. Det er flott!
Kva skjer med bloggane etter kurset? Blir dei avviklar eller kan vi fortsetje med dei på permanent basis?
Takk for eit flott kurs! No er det fortsatt litt igjen å pakke i feriekofferten, så er det sol og varme nokre dagar :-)

God tur, Marie! Og flott innsats i kurset. Du kom i mål! Bloggen kan du berre halde liv i vidare om du det vil.
SvarSlett