Dette har vore eit veldig nyttig kurs. Alt det vi har vore innom, har vel på eit vis visst eksisterte, men mykje av det hadde eg lite peiling på. Blogging har eg ikkje prøvd meg på før, ser at det kan vere ein grei måte for eit bibliotek å gje kjapp informasjon. Eg syns det er moro å blogge sjøl, og skulle gjerne brukt meir tid på det, for tid tek det! Er ikkje fornøgd med utforminga av eigen blogg, ser at det er fleire av kursdeltakarane som har fått til spennande ting, besøksteljar f.eks. Eg er litt klønete i denne verda endå, kjenner eg.
Biblioteket vårt har fått oppretta eiga Facebook-side i løpet av kurset. Det er ein gevinst, og "alle" skriv der, det er lavare terskel der enn på heimesida.
Eg har oppdaga nokre sider som kan brukast til referansearbeid, f.eks bokelskere og lokalhistoriewiki. Facebook og Origo kjende eg brukbart til på førehand. Bildebruk og rettigheiter i forhold til det, var nyttig, likeså deling av dokument i nettsky og redigering av wikier.
Eg er framleis litt famlande, men det går framover, og her har ein fått prøve seg med god retleiing. Det er flott!
Kva skjer med bloggane etter kurset? Blir dei avviklar eller kan vi fortsetje med dei på permanent basis?
Takk for eit flott kurs! No er det fortsatt litt igjen å pakke i feriekofferten, så er det sol og varme nokre dagar :-)
lørdag 13. november 2010
Å arbeide i Nettsky
Då gjeld det å få over det dokumentet som eg alt har skrive om Nettskya.
Det gjekk greit å lime inn dokumentet. Teksten endra seg også her på bloggen når eg endra den i teksten. Eg valde å ikkje ta vekk ramma rundt teksten, men utvida den utan ekstra html-kode, berre ved å dra den med musepeikaren!

Wiki
No skriv eg blogg medan eg pakkar feriekofferten - reiser til varmare strøk i morgon!! Dermed må eg få gjort unna resten av dette kurset litt kjapt.
Eg har vore innom Wikipedia sin introduksjon, og prøvd meg på redigering i Sandkassa. Det virkar nesten for enkelt å lage leksikale artiklar...
Wikiane i oppgåve 2 har eg og vore gjennom. Lokalhistoriewiki såg spennande ut, har lagra den i favorittane mine, og skal gå tilbake til den. BibliotekSATS minte meg om kampanjar vi har vore med på. Norske forfattere hadde eg forventningar til, men der var det tynt på dei eg slo opp. No står det vel artiklar om dei i Wikipedia, så eg veit ikkje om eg heilt skjønte vitsen. På smakavweb var eg inne og skreiv om ei bok eg har lese.

onsdag 10. november 2010
Podcast
Eg har vore innom NRK sine podcastar sjølvsagt. Har lagt t inn abonnement på Friluftsmagasinet og Ukeslutt. Bergen offentlige si musikkavdeling har eg stor respekt for, men nettbiblioteket syns eg var ganske rotete og eg fann ikkje heilt ut korleis eg kunne bruke det.
Boktips som lydfiler derimot - det var snadder. Stavanger bibliotek sine filer tok det veldig lang tid å laste ned på min maskin. Oppland sine bokpods likte eg godt, ein blanding av bokomtaler/forlagsomtaler og bokprat på lydfil. Her kan vi lytte og lære vi som håper å kunne presentere ei og anna bok på ein bokkafé i ny og ned. Dette må vere ein kjempeservice til lånarane!
Eg har laga ei lenkje til Friluftsmagasinet i bloggen her, berre kopiert og limt inn. Det var neppe slik det skulle gjerast, men fann ikkje heilt ut andre måtar.
http://podkast.nrk.no/program/friluftsmagasinet.rss

mandag 8. november 2010
Flickr
Har vasa rundt på Flickr ein halvtime. Har blant anna brukt søkefunksjonane, søkt på Norge og funne mange fine naturbilde bl.a. På bibliotek-søket fann eg bilder frå ein del norske bibliotek, og mange frå danske bibliotek. Vollsmose bibliotek var sterkt representert, og eg kopierte først inn eit bilde med store og små i aktivitet på dette biblioteket. Så vart eg veldig i tvil om eg har lov å kopiere dette inn på bloggen min. Bildet kan sjåast av alle, men har "all rights reserved". Så eg får finne meg eit bilde under "creative commons".
Då vart det Spilldag på Tromsø bibliotek som tilhøyrer Siri Tidemann-Andersen.

Flickr var ei ny verd for meg, og like greit at eg rota litt i starten, for no har eg skjønt mykje meir av opphavsrettar og denslags i forhold til bildedeling på nettet.
Redigering av bilder har eg ikkje prøvd, det skal eg ta ein anan gong :)

onsdag 3. november 2010
Youtube
Eg har brukt youtube ein del tidlegare for å finne musikk. No har eg prøvd å legge inn på bloggen ein kor-video som eg har høyrt mykje på. Cantique de Jean Racine er eit verk vi held på med i koret eg syng i. Denne versjonen av Choir of St.Johns College er fin å øve til!
Youtube har heilt sikkert bruksområde or bibliotek - marknadsføring, informasjon og opplæring.
Sjøl har eg brukt Youtube i referansearbeid til å finne musikk, spesielle innspelingar, arangement etc.
Dette ser litt merkeleg ut på bloggen, må kanskje spørje Fyb om hjelp. Men lenkja virkar, og nyt den vakre musikken!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)