Eg har facebookprofil privat, og brukar den flittig. Den er ca eit og eit halvt år no, og eg har stort sett venner som eg kjenner sånn nokolunde iallfall. Eg har lasta opp nokre få bilder, men iallfall såpass at eg veit korleis. Eg har også lagt ut lenkjer til artiklar mv.
Eg har og meldt meg som tilhengar av ein del bibliotek sine facebook-sider. Har no søkt opp fleire bibliotek, og ser at nokre er oppretta som profilar, andre som sider.
Nokre av nabo-biblioteka våre har fbside og eg ser korleis dei brukar den - til info om arrangement, tips om bøker, filmar etc, og andre tips til biblioteket sine brukarar. Det vil nok vere noko slikt vi vil bruke vår facebook-side til, når vi får den på føtene!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar