lørdag 13. november 2010

Oppsummering.

Dette har vore eit veldig nyttig kurs. Alt det vi har vore innom, har vel på eit vis visst eksisterte, men mykje av det hadde eg lite peiling på. Blogging har eg ikkje prøvd meg på før, ser at det kan vere ein grei måte for eit bibliotek å gje kjapp informasjon. Eg syns det er moro å blogge sjøl, og skulle gjerne brukt meir tid på det, for tid tek det! Er ikkje fornøgd med utforminga av eigen blogg, ser at det er fleire av kursdeltakarane som har fått til spennande ting, besøksteljar f.eks. Eg er litt klønete i denne verda endå, kjenner eg.

Biblioteket vårt har fått oppretta eiga Facebook-side i løpet av kurset. Det er ein gevinst, og "alle" skriv der, det er lavare terskel der enn på heimesida.
Eg har oppdaga nokre sider som kan brukast til referansearbeid, f.eks bokelskere og lokalhistoriewiki. Facebook og Origo kjende eg brukbart til på førehand. Bildebruk og rettigheiter i forhold til det, var nyttig, likeså deling av dokument i nettsky og redigering av wikier.
Eg er framleis litt famlande, men det går framover, og her har ein fått prøve seg med god retleiing. Det er flott!
Kva skjer med bloggane etter kurset? Blir dei avviklar eller kan vi fortsetje med dei på permanent basis?
Takk for eit flott kurs! No er det fortsatt litt igjen å pakke i feriekofferten, så er det sol og varme nokre dagar :-)

Å arbeide i Nettsky

Då gjeld det å få over det dokumentet som eg alt har skrive om Nettskya.



Det gjekk greit å lime inn dokumentet. Teksten endra seg også her på bloggen når eg endra den i teksten. Eg valde å ikkje ta vekk ramma rundt teksten, men utvida den utan ekstra html-kode, berre ved å dra den med musepeikaren!

Wiki

No skriv eg blogg medan eg pakkar feriekofferten - reiser til varmare strøk i morgon!! Dermed må eg få gjort unna resten av dette kurset litt kjapt.
Eg har vore innom Wikipedia sin introduksjon, og prøvd meg på redigering i Sandkassa. Det virkar nesten for enkelt å lage leksikale artiklar...
Wikiane i oppgåve 2 har eg og vore gjennom. Lokalhistoriewiki såg spennande ut, har lagra den i favorittane mine, og skal gå tilbake til den. BibliotekSATS minte meg om kampanjar vi har vore med på. Norske forfattere hadde eg forventningar til, men der var det tynt på dei eg slo opp. No står det vel artiklar om dei i Wikipedia, så eg veit ikkje om eg heilt skjønte vitsen. På smakavweb var eg inne og skreiv om ei bok eg har lese.

onsdag 10. november 2010

Podcast

Eg har vore innom NRK sine podcastar sjølvsagt. Har lagt t inn abonnement på Friluftsmagasinet og Ukeslutt. Bergen offentlige si musikkavdeling har eg stor respekt for, men nettbiblioteket syns eg var ganske rotete og eg fann ikkje heilt ut korleis eg kunne bruke det.
Boktips som lydfiler derimot - det var snadder. Stavanger bibliotek sine filer tok det veldig lang tid å laste ned på min maskin. Oppland sine bokpods likte eg godt, ein blanding av bokomtaler/forlagsomtaler og bokprat på lydfil. Her kan vi lytte og lære vi som håper å kunne presentere ei og anna bok på ein bokkafé i  ny og ned. Dette må vere ein kjempeservice til lånarane!

Eg har laga ei lenkje til Friluftsmagasinet i bloggen her, berre kopiert og limt inn. Det var neppe slik det skulle gjerast, men fann ikkje heilt ut andre måtar.


http://podkast.nrk.no/program/friluftsmagasinet.rss

mandag 8. november 2010

Flickr

Har vasa rundt på Flickr ein halvtime. Har blant anna brukt søkefunksjonane, søkt på Norge og funne mange fine naturbilde bl.a. På bibliotek-søket fann eg bilder frå ein del norske bibliotek, og mange frå danske bibliotek. Vollsmose bibliotek var sterkt representert, og eg kopierte først inn eit bilde med store og små i aktivitet på dette biblioteket. Så vart eg veldig i tvil om eg har lov å kopiere dette inn på bloggen min. Bildet kan sjåast av alle, men har "all rights reserved". Så eg får finne meg eit bilde under "creative commons".
Då vart det Spilldag på Tromsø bibliotek som tilhøyrer Siri Tidemann-Andersen.

Spilldag på Tromsø bibliotek

Flickr var ei ny verd for meg, og like greit at eg rota litt i starten, for no har eg skjønt mykje meir av opphavsrettar og denslags i forhold til bildedeling på nettet.
Redigering av bilder har eg ikkje prøvd, det skal eg ta ein anan gong :)

onsdag 3. november 2010

Youtube



Eg har brukt youtube ein del tidlegare for å finne musikk. No har eg prøvd å legge inn på bloggen ein kor-video som eg har høyrt mykje på. Cantique de Jean Racine er eit verk vi held på med i koret eg syng i. Denne versjonen av Choir of St.Johns College er fin å øve til!
Youtube har heilt sikkert bruksområde or bibliotek - marknadsføring, informasjon og opplæring.
Sjøl har eg brukt Youtube i referansearbeid til å finne musikk, spesielle innspelingar, arangement etc.

Dette ser litt merkeleg ut på bloggen, må kanskje spørje Fyb om hjelp. Men lenkja virkar, og nyt den vakre musikken!

søndag 31. oktober 2010

Twitter

Twitter veit eg lite om frå før. Har no prøvd å utforske det litt. Har sett på tvitrarar frå Sogn og Fjordane, har funne mange bibliotek-tvitrarar, bl.a på min gamle arbeidsplass Universitetet i Stavanger. Eg har også søkt opp fylkesbiblioteket sin twitter. Den var relativt forstandig(!) oppe i det heile, korte klare og informative ytringar.
Ser at dette kan vere nyttig for bibliotek til å gje kjapp informasjon. Spørsmålet er vel kor mange informasjonskanalar ein skal klare å vere aktiv i.
Eg har ikkje oppretta konto på Twitter. Etter å ha lese VG sine twitter-tips, som bl.a seier at ein ikkje skal opprette twitter-konto fordi alle andre gjer det, eller utan at ein sjøl kan tene på det eller ha nytte av det, er min konklusjon at dette skal eg iallfall vente litt med :)

Origo

No har eg hatt ein altfor lang pause frå kurset etter andre samling. Ser at folket har komme langt med oppgåveløysinga. Må ta eit skippertak no. Origo har eg brukt eit års tid. Eg er medlem av Fjordaglimt, og er tidvis innom kalenderen og ser etter arrangement. Diskusjonane der har ikkje engasjert meg noko større, men eg ser jo litt kjentfolk der! 
Eg har brukt Origo til å legge ut arrangement som vi har hatt på vårt bibliotek. Det er ein grei (og billig) måte å annonsere på, og så kjem arrangementet på trykk i lokalavisa Firda.
Søket på bibliotek ga veldig dårlig utteljing, men eg fann iallfall vår Bokkveld på Førde bibliotek i januar. Vi har hatt tilsvarande seinare som har vore annonsert der, så kvifor dei ikkje kom opp...??
Origo kjem eg til å bruke også seinare når biblioteket skal ha arrangement.

torsdag 21. oktober 2010

Facebook

Eg har facebookprofil privat, og brukar den flittig. Den er ca eit og eit halvt år no, og eg har stort sett venner som eg kjenner sånn nokolunde iallfall. Eg har lasta opp nokre få bilder, men iallfall såpass at eg veit korleis. Eg har også lagt ut lenkjer til artiklar mv.
Eg har og meldt meg som tilhengar av ein del bibliotek sine facebook-sider. Har no søkt opp fleire bibliotek, og ser at nokre er oppretta som profilar, andre som sider.
Nokre av nabo-biblioteka våre har fbside og eg ser korleis dei brukar den - til info om arrangement, tips om bøker, filmar etc, og andre tips til biblioteket sine brukarar. Det vil nok vere noko slikt vi vil bruke vår facebook-side til, når vi får den på føtene!

tirsdag 19. oktober 2010

Nettsamfunn

Eg har lese artiklane i Dn og Datatilsynet sine råd i forhold til Facebook. Eg er i utgangspunktet forsiktig med kva eg legg ut på nettsamfunn, og har fått bekrefta at det er det god grunn til. Samtidig er det ein skog av forholdsreglar ein kan ta (jfr Nettendenser), og det er ganske tidkrevande å finne ut av korleis sikre seg.
Eg innrømmer at eg blir litt skremd av historier om id-tjuveri.

Eg brukar Facebook og synes det er trivelig, veit ikkje om det er så nyttig, men kjekt å holde kontakten med gamle vener og nære og fjerne slektningar på den måten. Eg ytrar meg av og til, men prøver å overholde regelen om berre å skrive slikt som eg kunne stå på ein talarstol i eit offentleg rom og seie (ref. Arild Nybø).
Eg tenkjer og på kva bilder eg legg ut, ikkje legge ut bilder av andre som ikkje har godkjent det f.eks.

Når det gjeld Facebook i offentleg teneste, ser eg nytten. Biblioteket mitt skal nok få seg ei Facebook-side ganske snart. Det trur eg blir ein fin måte å kommunisere med særleg yngre brukarar, f.eks å legge ut mindre nyheiter og lesetips . Og det er ein grei måte for brukarane å melde tilbake til biblioteket.
Origo er eg også medlem av, men har stort sett berre brukt den til å legge ut oppslag på kalenderen om arrangement på biblioteket.

onsdag 13. oktober 2010

Sosiale bokmerke

Har gjort leksa mi og vore innom Del.icio.us og sett på kva som rører seg der, og på Buskerud fylkesbibliotek sin 17(?) bokmerke der. Men då eg tok fatt på Bokelskere vart det moro. Her kan ein bruke mykje tid og få nyttige tips til lånarar som skal ha ei "god bok". Kjekke lister (og rare lister) over bøker, lister over barnebøker f.eks. Nyttig. Har meldt meg inn og skal bruke den meir når eg får tid!
Librarything har eg lagt til i favorittane mine. Digg abbonnerer eg på, men syns dei var veldig amerikanske desse nyhetene. Stumbleupon må vere for dei som er ca halvparten så gamle som eg og som brukar mykje tid på sosiale medier ;)
Konklusjon: Det finst utrulig mykje rart og for alle interessefelt, innimellom noko nyttig.

mandag 11. oktober 2010

Nyhetsstraumar og iGoogle

Denne oppgåva rota eg mykje med. Ein grunn var at eg prøvde å jobbe frå min jobb-pc, men der kan ein f.eks ikkje velje eiga startside.Men iallefall har eg no omsider fått til å abbonnere på eit par aviser, ein blogg og eit vervarsel. Det er nyttig å lære korleis ein kan gjere seg bruk av RSS, og kanskje finn eg noko jobbrelevant eg vil følgje. Men førebels er eg litt usikker.

onsdag 6. oktober 2010

Bibliotekkatten

På biblioteket kan det mest uventa skje! På seinvakta i dag stod eg bak skranken og snakka i telefonen med ein lånar. Då sveipa noko mjukt rundt kneet mit - ein buskete kattehale! Eigaren svinga med stor sjølvtillit rundt hylla med reserverte bøker og tok ein tur ned for å sjekke magasinet. Etterpå kom han opp og gjekk for å inspisere barneavdelinga. Eg har for ikkje lenge sidan lese boka om bibliotekkatten Dewey i Iowa, og denne kunne vere fetteren, ein skikkelig tigergutt! Han hadde omtrent same verknad på lånarane og, smila kom fram og store og små følgde interessert med på katten si vandring. Kanskje Førde bibliotek burde hatt ein bibliotekkatt? Ingen av oss er sikre på kvar han tok vegen til slutt, så den som opnar biblioteket i morgon, får vere klar for ei overrasking.

tirsdag 5. oktober 2010

Nettprat

Då fekk vi prøvd nettpraten og. Etter å ha feila litt, klarte eg å få invitert både den eine og den andre. Prata først med Bjørg som var på jobb. Etterpå laga vi "trekant", med Ingunn, Bjørg og meg. Riktig kjekt, håper lånarane fekk god service i skranken likevel.

søndag 3. oktober 2010

Søndag morra blues

Etter ei sein natt - Mord og middag som avslutning på Krimfesten. Planen var ein fjelltur, men veret er litt grått, og formen tilsvarande. Då er det greit å ta fram bloggen igjen. I dag fann eg den iallfall ;) Ser at fleire har lagt inn bilde på profilen sin, det kan vere kjekt å ha. Eg får snuble meg vidare, litt meir tid no når krimfesten er over for i år.